Nyheter‎ > ‎

Fire frå Os på samling i Oslo

lagt inn 7. jan. 2012, 13:38 av Administrator Os Roklubb   [ oppdatert 24. jan. 2016, 09:47 av Webansvarlig Os Roklubb ]

Fire roarar frå Os roklubb fekk delta på romjulssamling på toppidrettssenteret.

Os roklubb har deltatt med fire utøvarar, Thorbjørn Sperrevik Hansen, Arne Hadler-Olsen, Mattias Haugland og Amund Bjørnevik, på romjulsamling.

Samlinga gjekk av stabelen 27. til 29. desember på toppidrettssenteret i Oslo.

– Roarane blei tatt ut til samlinga på bakgrunn av gjennomførte nasjonale testar i starten av desember.

Samlinga blei leia av assisterande landslagssjef Esther Verburg og utøvarane blei undervist  om basistrening, motivasjon og konkurranseførebuing mellom dei fysiske fellesøktene.

–  Dei unge utøvarane fekk trena under inspirerende forhold og fekk nok ein god dose motivasjon til gjennomføring av den tunge vintertreninga som no står for tur.

Comments