Nyheter‎ > ‎

Klubbens første NM-gull

lagt inn 24. sep. 2012, 00:50 av Webansvarlig Os Roklubb   [ oppdatert 24. jan. 2016, 09:49 ]
 
 Amund Bjørnevik og Erling Øyasæter var suverene i junior-NM i roing!
 
Hentet fra Midtsiden
NM i roing går denne helga av stabelen på Årungen rostadion, og Os Roklubb stiller med 3 i junior B-klassen (16 år), to i junior A og 8 seniorar som har tatt åttaren med seg over fjellet.

I dag gjekk klassen toar utan styrmann herrer junior, og Amund Bjørnevik og Erling Øyasæter rodde inn til gull.

– Dette er ein historisk dag. Sidan oppstarten under namnet Kamp i 1924 har klubben aldri før tatt gull i NM, seier trenar Audun Hadler-Olsen.

– Dei rodde mot gode motstandarar, men var suverene, frå kvalifiseringa i dag tidleg til finalen no nettopp!

Gull og sølv i junior B

I går rodde Arne Hadler-Olsen, Mattias Haugland og Sebastian Hårvei i 16-årsklassen, som ikkje har NM, men har regattaen på Årungen som eit av fleire UM.

– Med denne ramma og NM for eldre junior er dette likevel høgdepunktet for yngre junior, seier Audun.

Arne tok sølv i singelsculler, Mattias 11. plass og Sebastian 22. plass.

Arne og Mattias rodde i tillegg 1000 meter dobbelsculler og vann denne.

 
 
 
Dei ferske noregsmeistrane, Amund Bjørnevik og Erling Øyasæter, fekk med seg "gutespelarane" Arne Hadler-Olsen og Mattias Haugland og tok bronse i firar for junior.  

Os Roklubb tok i dag sitt første NM-gull nokosinne.

Amund Bjørnevik og Erling Øyasæter var suverene då dei rodde inn til siger i dobbelsculler på Årungen i dag, og seinare same dag sikra dei nok ein medalje.

I firar fekk dei med seg talenta Arne Hadler-Olsen og Mattias Haugland, som ror i junior B (for 16-åringar). Arne og Mattias debuterte i junior A og var med på å ta bronse til Os.

– Etter 1500 meter var dei berre ein baug frå 2. plassen, men dei eldste var nok sletne etter gullet tidlegare på dagen og Arne og Mattias kjempa hardt i går, så dei får seia seg nøgde med bronse, seier trenar Audun Hadler-Olsen.

Moss vann og NSR tok andreplassen, begge med berre junior A-roarar i båten.

– Det var eit godt stykke bak til 4, 5. og 6. plassen, som kom ganske tett kvarandre, men som aldri truga Os sin medalje, fortel Audun.

"Veteranar" til finalen

Ei gruppe tidlegare aktive roarar frå Os stilte opp med åttaren til Os Roklubb, og kjempa seg til plass i A-finalen.

Roarar: Simen Jensen, Thomas Grindevoll, Even Skåtøy, Fridtjof Øyasæter, Oddbjørn Gjerde, Lars Erik Jansen, Bård Monsen og Torbjørn Mehammer. Cox var Sebastian Haarvei Bjørgo.

I finalen var to av seniorane skifta ut med Amund og Erling, men hamna dei sist og det blei samla sett ein 6. plass.

NM 2012

Ĉ
Webansvarlig Os Roklubb,
24. sep. 2012, 01:07
Comments